Som ein liten smaksvekkar, serverte Log to små «hors d'oeuvres», eller mini-forrettar, om du vil. Den eine bestod av grava og lettrøykt elg på ein seng av endivar og skogsbærvinaigrette.
Den andre var okse frå Kvamme gard - ein surøls- og granmarinert høgrygg på flatbrød og fikenkompott
Jule Log (22) er frå Stord og er Varegga sin eigen stjernekokk. Ho er delaktig i utviklinga av fleire Varegga-produkt. Med fokus på førsteklasses råvarer og kyndig kokekunst, har Varegga eit mål om å bli den beste matprodusenten i Bergen.
Eit godt teikn på god mat er det når det er stille rundt bordet.
Lys, noko godt i glaset og salig stemning rundt eit pynta bord er ekte jul for mange.
Tjukkmjølkspannacotta med tindvedpuré og heimelaga makronar med pasjonsfrukt. Ein kaloribombe av dei sjeldne - Gateaux Marselle - eller ei sjokolademoussekake på godt norsk.
Her serverer olympisk meister i kokkekunst Julie Log tradisjonelt pinnekjøt frå Langedalen og Kvamme med rotmos, pinnefett og mandelpoteter. – Dette er berre rein lukke, seier ein salig glad Torgeir Lavik. Ved sidan av sit kona Kristina Lavik, som mellom anna, har stått for utsøkt pynting av heim og bord.
Enkelt, men akk så utsøkt. Pinnekjøt frå Langedalen og Kvamme, rotmos og mandelpoteter. Ja, ribba får dei ha dei som vil, men denne tok kaka. Nydeleg!
Desserten er for mange eit høgdepunkt. Kva om du byter ut riskremen med ein søt «juletapas».
Då blir alle nøgde rundt bordet.
All immages, text and logos are subject to Copyright @ All Rights Reserved
VAREGGA.NO